Nyhende

Håkon Velde Nordstrøm er ny fast forsvarar for Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Advokat Håkon Velde Nordstrøm frå Borgen Advokatar er oppnemnd som ny fast forsvarar for Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett frå og med april 2017. Han overtar vervet etter advokat Kjell Steinsbø, som gjekk av med pensjon 31. mars 2017.

Elisabeth Rød og Hilde Magnusson er nye partnarar i Borgen Advokatar frå 1. januar 2017, og vi etablerer oss på Voss.

Advokat Hilde Magnusson har drive eiga advokatverksemd på Voss sidan 1. januar 2014. Frå 1. januar 2017 går ho inn som partnar i Borgen Advokatar, og frå same dato opnar Borgen Advokatar dermed kontor på Voss.  Borgen Advokatar har no fire avdelingskontor frå Haugesund i sør til Voss i nord, og kundane våre langs heile denne aksen har tilgang til spesialisert kompetanse frå eit advokatmiljø med lokal forankring. Vi ser fram til vidare vekst, både på Voss og ved dei andre kontora våre.

Elisabeth Rød går frå 1. januar 2017 inn som partnar i Borgen Advokatar. Elisabeth er ein svært viktig ressursperson for oss, både fagleg og kapasitetsmessig. Elisabeth er fast bistandsadvokat ved både Haugaland tingrett og Gulating lagmannsrett, og gjer ein stor jobb med å forsterka vårt miljø for juridisk hjelp til privatpersonar generelt. Elisabeth arbeider til dagleg ved kontoret vårt i Haugesund, men representerer klientar i alle våre regionar, i tillegg til at ho er ressursperson for dei andre advokatane våre.