Vilkår

Når vi tar på oss eit oppdrag for ein ny kunde vil vi stadfeste dette, med nærare skildring av dei konkrete vilkåra for oppdraget, blant anna prisen. Det følgjande er våre standard oppdragsvilkår. I den grad det gjeld særvilkår for det enkelte oppdraget, vil dette gå fram av den konkrete oppdragsstadfestinga.

I dei allmenne vilkåra finn de óg dei vegleiande prisane våre for ulike klientar og oppdrag.

ALLMENNE VILKÅR FOR OPPDRAG UTFØRT AV BORGEN ADVOKATAR AS

Innleiande føresegner

Desse allmenne vilkåra («vilkåra») regulerer forholdet mellom advokat i Borgen Advokatar AS («advokaten») og den som advokaten utfører advokattenester for («klienten»), for det oppdraget advokaten utfører for klienten («oppdraget»). Vilkåra vert rekna som ein del av oppdragsavtalen, så langt anna ikkje er avtalt.

Vilkåra gjeld ikkje i straffesaker der advokaten er oppnemnd som forsvarar eller støtteadvokat av retten, så langt oppnemninga rekkjer. Vilkåra gjeld ikkje meklaroppdrag, medhjelparoppdrag ved tvangssal eller bustyraroppdrag etter konkurs- og skiftelovgjevinga.

I samband med oppdrag som avgrensar seg til heilt korte konsultasjonar eller telefonsamtalar, gjeld vilkåra så langt dei høver.

Advokaten pliktar å utføre oppdraget i samsvar med gjeldande lovgjeving, god advokatskikk og til klienten sitt beste.

Firmaets ressursar

I firmaet arbeider det følgjande kategoriar medarbeidarar som utfører arbeid for klientar:

  • partnarar
  • tilsette advokatar
  • tilsette advokatfullmektigar
  • sekretærar

Etablering av oppdrag

Det vert sendt oppdragsstadfesting i eige brev/e-post til klienten, for kvart oppdrag, med mindre det er snakk om slike kortvarige oppdrag som er nemnde i Advokatforeninga sine retningslinjer.

Dersom oppdragsstadfestinga inneheld andre vilkår for oppdraget enn det som kjem fram i vilkåra, går oppdragsstadfestinga framom.

Før eit oppdrag vert etablert skal advokaten avklare om det ligg føre interessekonflikt eller andre tilhøve som gjer at firmaet ikkje kan eller bør ta på seg oppdraget. Det same vert gjort i etablerte oppdrag, dersom det kjem nye motpartar inn i saka.

Dersom omsynet til klienten tilseier det, og advokaten heller ikkje finn det problematisk, kan advokaten starte opp arbeid før avklaringa er avslutta. Advokaten tar i så tilfelle atterhald overfor klienten om at avklaring av eventuell interessekonflikt ikkje er endeleg gjort, og at eventuell interessekonflikt kan føre til at advokaten må seie frå seg oppdraget.

Advokatverksemder er underlagde lov om kvitvasking. I samband med etablering av oppdrag vil det kunne gjennomførast slik identifikasjonskontroll som følgjer av lova.

Oppdragets omfang og tidslengd

Oppdragets omfang (kva advokaten skal bistå klienten med) vert fastsett i oppdragsstadfestinga. Det same gjeld kor lenge oppdraget vil vare, dersom det er mogleg å seie noko om dette ved oppdragsinngåinga.

Dersom klienten ønskjer å trekkje seg frå oppdraget etter at oppdragsstadfestinga er motteken, må han straks gi melding til advokaten. Advokaten har rett til å krevje betaling for medgått tid til dokumentgjennomgang, møte, telefonsamtalar eller anna arbeid fram til klienten avlyser oppdraget.

Dersom oppdraget vert utvida på eit seinare tidspunkt, i høve til det som opphavleg er avtalt, vil advokaten sende skriftleg stadfesting på dette.

Gjennomføring av oppdraget

For alle oppdrag skal det vere ein saksansvarleg advokat. Alt arbeid vert utført under ansvaret til saksansvarleg advokat. Den saksansvarlege advokaten vil syte for at arbeidet vert utført på ein god måte for klienten, og i samband med dette vurdere om oppdraget eller delar av dette mest tenleg bør utførast av tilsett advokat, advokatfullmektig eller sekretær.

Dersom klienten har konkret ønske om kva advokat som skal utføre oppdraget, vil dette normalt verte lagt til grunn.

Der arbeid vert utført av nyutdanna advokatfullmektig, og arbeidet ber preg av opplæring, vil det vurderast kor mykje av arbeidet som har direkte verdi for klienten, og såleis kan belastast denne ved fakturering.

Klienten vil få tilsendt kopi av brev, e-postar og telefaksar til og frå advokatkontoret, og få tilsendt utkast til godkjenning/gjennomgang i dei tilfella der det er behov for dette.

Der det er praktisk vil advokaten gjere bruk av elektronisk post, så langt dette er akseptabelt for klienten. Ved bruk av e-post er det ein risiko for at uvedkommande kan få innsyn i den informasjonen som vert sendt, eller informasjonen kjem på avvege. I personsensitive saker vil den elektroniske sendinga om mogleg vere verna av passord.

Dersom klienten ikkje ønskjer at det skal nyttast e-post, må klienten melde frå om det.

Salær

A) Generelt

Salæret er godtgjersla til advokaten for utføring av oppdraget. For utlegg gjeld eigne føresegner.

Salæret vert fastsett etter ein kombinasjon av medgått tid, kompleksiteten i saka og saksutfall. Medgått tid omfattar alt arbeid advokaten gjer på saka, så som gjennomgang av dokument, telefonsamtalar, utarbeiding av dokument og e-post, undersøkingar i rettskjelder osb.

For oppdrag som skal fakturerast med utgangspunkt i medgått tid, har firmaet følgjande vegleiande timeprisar – sett bort frå saker som vert omfatta av fri rettshjelp – for dei ulike stillingskategoriane:

For meirverdiavgiftspliktige klientar:

Partnar kr. 2 150+ mva (2 687,50inkl mva)

Tilsett advokat kr. 1 900+ mva (2 375 inkl mva)

Advokatfullmektig kr. 1 700+ mva (kr. 2 125inkl mva)

For ikkje-meirverdiavgiftspliktige klientar:

Partnar kr. 2 375(1 900+ mva)

Tilsett advokat kr. 2 125(1 700+ mva)

Advokatfullmektig kr. 1 812,50 (1 450+ mva)

Ein tek atterhald om endring i timepris, òg innanfor eitt og same oppdrag.

Minste tidseining er 0,25 timar (15 minutt). Timeprisane omfattar alle normale kontortenester, blant anna ordinært sekretærarbeid, vanleg kopiering og liknande. Som tillegg til ovannemnde prisar kjem reiseutlegg og andre utlegg som vert pådratt i saka, gebyr til det offentlege, større kopieringsarbeid og sakshandsamingsarbeid frå sekretær. Sjølvstendig sakshandsaming frå sekretær vert normalt fakturert med halvparten av den satsen som er avtalt for advokatarbeidet.

Frå alle advokatfirmaets klientar, sett bort frå kommunar og næringsklientar som firmaet har hatt som klient over lengre tid, vert det kravd innbetaling av forskott for å ta på seg oppdraget eller halda fram med oppdraget. Det vert normalt ikkje utført arbeid i saka før forskott er innbetalt. Forskottet skal vere av eit omfang som gir trygd for pårekneleg arbeid fram til og med neste faktura, og minst slik at det gir trygd for eigendel under rettshjelpsforsikring eller fri rettshjelp. Så lenge eit oppdrag er under arbeid skal det ligge føre trygd for slikt pårekneleg arbeid. Normalt vil det bli kravd inn eit større forskott i samband med intensive arbeidsperiodar, som til dømes førebuing og gjennomføring av rettsleg prosess.

B) Saker med rettshjelpsdekning (frå forsikringsselskap)

Advokaten bistår klienten med søknad om rettshjelpsdekning, der det er truleg at oppdraget vert omfatta av ei slik ordning. Klienten skal opplyse advokaten om kva forsikringsavtalar han har i kva selskap m.v. Klienten er ansvarleg for salæret sjølv om søknaden ikkje vert tatt til følgje.

I saker der det er innvilga rettshjelpsdekning frå forsikringsselskap («selskapet»), vert det avrekna på same vilkår som ovanfor. Advokaten utbetaler refusjon frå selskapet til klienten straks advokaten mottek slik refusjon. Klienten må betale eigendel som vil framgå av brev frå selskapet. Det kan avtalast mellom advokaten og klienten at salæret vert avrekna på det tidspunktet selskapet tillet og direkte mot selskapet. Klienten er likevel ansvarleg for salæret. Dersom klienten vert tilkjend sakskostnader av motparten, vil dette kome til frådrag i forsikringssummen og klienten må betale heile salæret til advokaten for deretter å krevje motparten for betalinga.

C) Saker med fri rettshjelp (frå det offentlege)

I saker med fri rettshjelp gjeld den til ei kvar tid fastsette salærsats. Salærkravet verte sendt vedkomande styresmakt etter dei reglane som gjeld for vedkomande oppdragstype. Klienten må betale mva-fri eigendel dersom dette følgjer av lov eller forskrift. Advokaten skal bistå med søknad om rettshjelp. Dersom klienten gir uriktige eller ufullstendige opplysningar om økonomiske tilhøve, vert klienten ansvarleg for meirkostnader som følgjer opplysningssvikten.

D) Visse sakstypar der det gjeld minstepris eller fastpris

For utarbeiding av enkelt ektepakt gjeld ein fastpris på kr 4 000 eks mva, kr. 5 000 inkl mva. Tinglysingsgebyr til Ektepaktregisteret og Statens kartverk kjem i tillegg til fastprisen.

For utarbeiding av enkel sambuaravtale gjeld ein fastpris på kr 4 000 eks mva, kr. 5 000 inkl mva.

For utarbeiding av enkelt testament gjeld ein fastpris på kr 4 000 eks mva, kr. 5 000 inkl mva.

Ved eingongs kontorkonsultasjon eller telefonsamtale inntil ein halv time er minste salær kr 1 280 eks mva, kr. 1 600 inkl mva. Tilsvarande konsultasjon/telefonsamtale inntil ein time medfører minste salær på 1 600eks mva, kr. 2 000 inkl mva.

Eigedomsmekling

For reine oppgjer er salæret 15 000 kroner + mva, altså 18 750 kroner inkl. mva.

For ordinære eigedomsmeklingsoppdrag er salæret 2,5 % + mva av kjøpesummen, men minimumssalær er 50 000 kroner + mva (62 500 kroner inkl. mva).

I tillegg kjem utlegg til annonsering, gebyr mv.

Utlegg

Med utlegg er her meint utgifter som følgjer av oppdraget så som vederlag til takstmann, rettsgebyr, sakkunnighonorar, handsamingsgebyr frå det offentlege m.v. Klienten er ansvarleg for utlegg i saka. Utgifter skal avtalast særskilt med klienten. Dette gjeld ikkje rettsgebyr som følgjer av lovgjevinga og som oppstår som følgje av gebyrutløysande handlingar. Utgiftene skal betalast av klient ved faktura frå tredjemann. Det kan likevel avtalast at advokaten legg ut for utgifta og avreknar denne ved fakturering. Advokaten kan krevje forskotsbetaling for utlegg.

Fakturering

Ved fakturering vil klienten motta ein spesifikasjon av utført arbeid. Salæret, og utgifter som advokaten har dekka, vert avrekna etterskotsvis med betalingsfrist 10 dagar, som hovudregel månadleg eller ved oppdragets avslutning. Ved for sein betaling vert det rekna forseinkingsrente etter rentelova. Klienten må opplyse advokaten om adresseendring.

Innbetalt forskott vil bli ståande til trygd for framtidig salær. Ved avsluttande faktura vil inneståande forskott bli avrekna, og eventuelt overskytande refundert klient. Dersom ein faktura ikkje vert betalt til forfall, vil advokatfirmaets uteståande bli avrekna mot innbetalt forskott, og nytt forskott må betalast inn før advokatens arbeid held fram.

Dersom faktura ikkje vert betalt, eller forskott ikkje vert stilt, tek advokaten atterhald om å avslutte oppdraget i samsvar med reglane om god advokatskikk.

Saksutfall

Sjølv om advokaten har gitt uttrykk for korleis eit saksutfall kan bli, inneber det inkje rettsleg ansvar for at resultatet vert oppnådd.

Dersom ei rettssak vert tapt, er hovudregelen at klienten vert pålagt å dekkje motpartens sakskostnadar og rettsgebyr. Dette er klientens eige ansvar.

Dersom ei rettsavgjerd endar med at klienten vert tilkjent sakskostnader, men beløpet er lågare enn det salæret som vert kravd av klienten, er klienten ansvarleg for det overskytande. Klienten har elles fullt betalingsansvar for advokatens salær uavhengig av tilkjente sakskostnader, og betaling av advokatens salær er aldri avhengig av at motparten faktisk kan og/eller vil betale idømte sakskostnader.

Tvistelova (lov om rettargang i sivile saker) har reglar om forliksrådshandsaming og småkravsprosess, der det er grenser for kva sakskostnader som kan idømmast i forliksrådet og i saker som gjeld krav som ikkje overstig kr. 125 000. Dersom ikkje anna vert skriftleg avtalt mellom partane, er klienten like fullt ansvarleg for fullt salær.

Klientens medverknad

Advokaten er pålagt eit strengt ansvar som rådgjevar. Han skal fremja rett og hindra urett. I sivile saker inneber dette prinsippet at advokaten skal arbeide for at ein oppnår eit korrekt resultat. I sivile saker har advokaten plikt til å leggje fram bevis for retten, sjølv om beviset talar i klienten sin disfavør. Klienten pliktar etter beste overtyding å gi advokaten fullstendige og korrekte opplysningar om saksforholdet. Ved opplysningssvikt kan advokaten trekkje seg frå oppdraget dersom dei advokatetiske reglane opnar for det. Klienten pliktar i rimeleg utstrekning å bidra til saksframdrifta.

Det er vidare ein føresetnad at klienten gjer advokaten merksam på andre bevis som klienten ikkje har rådvelde over, men som klienten meiner kan skaffast hjå andre.

Til betre saka er avklart, opplyst og førebudd frå klientens side, til meir effektivt vil advokaten kunne arbeide. Dette vil verke inn på storleiken på salæret.

All kontakt med motparten skal skje gjennom advokaten, om ikkje anna konkret vert avtala. Klienten må straks melde frå til advokaten om eventuell direkte kontakt frå motpartens side eller frå motpartens advokat.

Teieplikt og personopplysningar

Advokaten har teieplikt og skal handsame dei opplysningane han får i saka, fortruleg. Eventuelle unntak er regulert i lov, til dømes Kvitvaskingslova. Alle medarbeidarane ved Borgen Advokatar AS har autorisert tilgang til opplysningane, og har skrive under på teiepliktserklæring.

Mange av opplysningane vil vere personopplysningar som vert handsama i tråd med reglane i Personopplysningslova.

Klage på advokaten

Klienten kan få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk og om salæret er for høgt. Etter gjeldande reglar kan kvaliteten på arbeidet ikkje underleggjast prøving av disiplinærorgana for advokatar. Klagefristen er som hovudregel 6 månader frå det tidspunktet klienten vert kjend med eller burde vorte kjend med dei omstenda som klagen grunnar seg på. Klagen vert handsama av Advokatforeininga sitt regionale disiplinærutval, Hordaland krins. Vedtak frå disiplinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

Nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside www.advokatforeningen.no under «Disiplinærsystemet».

Leirvik, Husnes, Haugesund den 30. april 2014