Ikon

Borgen Rekneskap AS er eit rekneskapsfirma under paraplyen Borgen; eit kompetansemiljø i Sunnhordland, på Haugalandet og på Voss som kombinerer juridisk kunnskap og rekneskapsforståing til beste for det regionale næringslivet.

Borgen Rekneskap har i dag to autoriserte rekneskapsførarar og to rekneskapsførar. Desse kan levere rekneskapstenester til næringslivet i heile Borgens nedslagsfelt. Rekneskapsfirmaets portefølje har auka raskt sidan oppstarten.

Gjennom å samle tilgongen til juridisk og rekneskapsmessig kompetanse styrkjer vi det samla fagmiljøet i Borgen, og kan yte næringslivet fullsørvis bistand. Mange av dei sakene som våre advokatar arbeider med gjer bruk av rekneskapskunne naudsynt. Tilsvarande vil kundar av rekneskapskontoret ha trong for juridisk bistand. Gjennom denne organiseringa gir Borgen eit tilbod som er unikt i vår region.

Dersom ditt selskap eller næring ønskjer tilbod om rekneskapstenester, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Belinda Berg. Du er også velkomen til eit møte om kva vi kan tilby.