Kva er voldsoffererstatning?

Lova om voldsoffererstatning frå 2001, som gjeld i skrivande stund, skal erstattast av ny voldserstatningslov. Den nye lova kjem til bruk 1. januar 2023.
Det uttalte føremålet for den nye lova er å gjere ordninga enkel, føreseieeleg, rettvis og meir effektiv, samtidig som rettstryggleiken til begge partane blir forsterka. Det etiske og juridiske utgangspunktet om at det er skadevaldaren som er ansvarleg for sine handlingar, blir reindyka.

Likevel har den nye lova med seg endringar som etter vår vurdering inneber ei innskrenking av høvet til å få tilkjent oppreising og erstatning (voldserstatning).

Her er nokre dømer på relevante endringar i den nye lova:

Fristane for å fremje voldserstatning blir stramma inn:
o   Er du tilkjent erstatning ved dom i straffesak, gjeld frist for 6 månadar for å fremje kravet for Kontoret for voldsoffererstatning. Prosessen blir likevel forenkla.
o   Er saka lagt bort av politiet grunna ukjend eller død gjerningsperson, må du fremje kravet for Kontoret for voldoffererstatning innan eitt år etter bortlegginga.
o   Dersom det er kjent gjerningsperson, og politiet har lagt bort saka på grunn av til dømes bevisets stilling, gjeld vanlege reglar om forelding av pengekrav (jf foreldelsesloven).

Du har ikkje same tilgang på gratis advokatbistand dekt av staten, for å fremje kravet ditt. Dette skal ein søke særskilt om.

Ein ønskjer «alt» av erstatningskrav avgjort så tidleg som råd: Eigne reglar er gitt for tilleggserstatning, dersom kravet ikkje var modent når det skulle avgjerast, eller det oppstår seinare forverring av tilstanden til den skadelidne.
       
Den nye lova avgrensar kva type lovbrot som kan gi voldserstatning. Erstatning blir til dømes ikkje lenger gitt i saker om kroppskrenking og alvorleg personforfølging.

Når skadevaldar (gjerningsperson) er kjent, får vedkomande partsstatus, og dermed innsyn i vedtaket frå Kontoret for voldsoffererstaning. Skadevaldar kan motsette seg forvaltningsbehandling. Vedkomande kan også krevje eit vedtak i saka behandla for dei alminnelege domstolane.

Det blir lovfesta at Kontoret for voldsoffererstatning skal søke regress for utbetalingar hos skadevaldar. Det vil sei at skadevaldar blir gjort ansvarleg for å betale kravet, til sjuande og sist.

Det geografiske verkeområdet blir avgrensa. I praksis må hendinga ha skjedd i Noreg, for å gi krav på voldserstatning. 

Det er søknadstidspunktet som avgjer kva lov som kjem til bruk. Dersom du er blitt utsett for vald og du vurderer å søke voldserstatning no, kan det difor vere ein fordel å søke før 1. januar 2023.
Ta kontakt dersom du lurar på om du bør søke.
Advokatar som arbeider med dette feltet hos oss:

–          Helena Helgesen
–          Arna Vikanes Sørheim Murray
–          Gunnveig Breistein
–          Heidi Synnøve Nymann

Aktuelle lenker:
Førearbeid og framlegg til ny lov om voldserstatning (lovdata pro link, sjekk om den fungerer)
Regjeringa orienterer om ny lov
Lov om voldsoffererstatning av 2001 (skal opphevast ved ny lov den 1. januar 2023)
Kontoret for voldsofferestatning