Strafferett og straffeprosess omfattar reglane om straffbare handlingar og straff, og korleis slike saker skal etterforskast og handsamast i rettsapparatet.
Alle som er mistenkte eller sikta for ei straffbar handling, har rett til å la seg bistå av ein forsvarar etter eige val. Du har òg rett til å ha med deg forsvarar under politiavhøyr, sjølv om staten ikkje alltid dekkjer kostnadene.
I meir alvorlege saker, ved varetekt eller dersom du blir halden pågripen i meir enn 24 timar, kan du ha krav på offentleg oppnemnd forsvarar.




