Prisar og vilkår

Oppdragsstadfesting

Alle våre klientar vil få ei oppdragsstadfesting ved oppstart av oppdraget. Oppdragsstadfestinga skal innehalde prisar og vilkår og skal godkjennast av klienten. Me skal avklare om klienten har rett til fri rettshjelp eller om saka kan dekkast av klienten sine forsikringsordningar, Rettshjelpsforsikring.

Klienten er ansvarleg for at opplysningane som blir gitt er fullstendige og korrekte.

Fakturering

Vårt salær vil ha utgangspunkt i medgått tid.

Våre timesatsar er frå kr 1960+mva til kr 2560+mva. Minste timebelastning er 15 min. Salæret vert fakturert fortløpande eller ved avslutting av oppdraget. I nokre saker vert det bedt om eit forskot som me reknar mot utført arbeid.

Klienten skal betala faktura ved forfall. Dersom betalinga uteblir vil me innstilla arbeidet.

Me er som advokatkontor underlagt Advokatforeningen sine “Regler for God Advokatskikk”. Her ligg og føringar for storleiken på salæret. For meir informasjon og rettigheitar sjå Advokatforeininga sine heimesider.

Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er rettshjelp som vert dekka av staten. Ordninga omhandlar både fritt rettsråd og fri sakføring. Retten til fri rettshjelp avhenger i utgangspunktet av klienten si inntekt og formue.

Du kan ha rett til fri rettshjelp i bestemte sakar som omhandlar trygd og pensjon, erstatning for personskade, oppseiing eller avskjed i arbeidsforhold, familiesakar, oppseiing av leigekontrakt, voldsoffererstatning, tvangsekteskap, mishandlingssakar og i utlendingssakar. Ein lyt i dei fleste sakar betale ein eigendel.

Sjå meir informasjon på Statsforvaltaren si heimesida: Fri rettshjelp – Statsforvaltaren.no

Retthjelpforsikring

Ein del har rett til juridisk bistand gjennom sine private forsikringar . Utgangspunktet for å få dekning under rettshjelpsforsikring er at det må ha oppstått ein tvist.

Ta kontakt med forsikringsselskapet for avklaring på kva forsikringa dekkjar.

Straffesakar

Forsvareroppdrag

Som hovudregel dekker det offentlege forsvararbistand dersom det er teke ut tiltale. Det offentlege kan òg i visse saker dekke bistand under etterforsking. Ta kontakt for ei vurdering om dette. Dersom ein har vore sikta i ei sak som blir lagt bort, kan du i nokre tilfelle krevje erstatning for advokatutgiftene ein har hatt.

Bistandsadvokat / støtteadvokat – gratis rådgjeving og støtte

I saker om valds- og seksuallovbrot har den som er utsett for handlinga som regel rett på offentleg oppnemnt bistandsadvokat, som er dekt av det offentlege, dvs gratis. Det kan søkast om oppnemning om forholda ligg til rette for det. Ta kontakt for ei vurdering av saka. Lov om fri rettshjelp dekker inntil tre timars arbeid for å bistå ein person som vurderer å melda eit slikt straffbart forhold

LOfavør- medlem

Er du medlem i Lofavør? Meld i frå til oss om dette. Borgen advokatar har gunstige medlemsfordelar knytt til juridisk bistand for LOfavør medlemmer.