Arna Vikanes Sørheim Murray (f. 1980) har mange års erfaring innan forsikringsrett og erstatningsrett. Ho har særleg erfaring med forsikringsdekningar som omfattar skade og sjukdom, då særleg yrkesskadar, bilulukker, fritidsulukker, livsforsikringar, og tap av lisens for sjøfolk.
Vidare har Arna erfaring med foreldretvistar (også kalla barnefordeling), barnevernssaker, det økonomiske oppgjeret ved skilsmisser og arv, kjøp og sal av eigedom, frådeling og seksjonering av eigedom, tvangssal av eigedom, jordskifte og eigedomstvistar, tvistar og spørsmål i samband med kjøp og sal av fast eigedom, og bistands- og forsvararoppdrag.
Utdanning/praksis:
- Master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo (2014)
- Bachelor i journalistikk frå Queensland University of Technology, Australia (2003)
Arbeidserfaring:
- Advokat, Borgen Advokatar AS, (2022-)
- Advokatfullmektig, Borgen Advokatar AS (2020-2022)
- Advokatfullmektig og skade handsamar, Protector forsikring ASA (2014-2020)
- Trainee, Advokatfirmaet Wiersholm AS
- Trainee, Advokatfirmaet Lund & Co – Journalist, Dagbladet
Fagområder
Erstatning- og forsikringsrett