Kven bør ha testament? Kva vil eit testament bety for deg?

Er du usikker på om du treng eit testament? Sannsynlegvis er svaret ja. I alle fall om du ynskjer ei anna arvefordeling enn det som følgjer av arvelova sine utgangspunkt.

Kva er eigentleg eit testament?

Eit testament seier noko om korleis ein ynskjer å fordele arva etter seg. Testamentet skal tilpassast dine behov, men det er samstundes nokon formelle krav eit testament må oppfylle for å vere gyldig.

For det fyrste må eit testament vere skriftleg. I tillegg må det komme klart fram i dokumentet at det er eit testament. Testator (den som opprettar testamentet) må vere fylt 18 år og må forstå innhaldet i testamentet og kva betydning testamentet vil ha. Testator må difor vere «med sans og samling» på tidspunktet testamentet blir oppretta. Testator skal underskrive dokumentet, det same skal to vitne gjere.

Det er også viktig at testamentet blir oppbevart på ein trygg stad, der dei som treng testamentet finn det til rett tid. Den sikraste staden eit testament kan oppbevarast er hos tingretten. Tingretten behandlar formelt alle dødsbuskifter, og får melding om alle dødsfall. Ved slik melding vil tingretten søkja i sitt landsdekkjande register, og vil finne testamentet til den avdøde uavhengig av kva tingrett i landet testamentet vart innlevert til. Tingretten tar eit eingongsgebyr for oppbevaring av testament, og for 2023 er det kr. 994. Dette er ein relativt billeg forsikring om du ynskjer å sikra at testamentet ditt når dei rette arvingane.

Kven treng testament?

Utgangspunktet er at alle som ynskjer ei anna ordning enn den som blir lagt til grunn i arvelova treng eit testament. Har ein ikkje laga eit testament, er det arvelova sine utgangspunkt som gjeld. Dette gjeld også om ein på annan måte enn ved gyldig testament har ytra ynskje til arvingar eller andre om korleis arva skal delast. Ein må ha eit skriftleg testament som oppfyller formkrava og som er i tråd med arvelova sine ufråvikelege reglar dersom ynskja skal vere gjeldande den dagen ein fell frå.

Ei gruppe som vanlegvis er dårleg sikra etter arvelova sine reglar er sambuarar. Sambuarar med felles born har lovbestemt rett til ei arv tilsvarande fire gongar grunnbeløpet (G). For 2023 er grunnbeløpet satt til kr. 118 620. Det vil seie at sambuarar med felles born etter lova sine reglar arvar i underkant av kr. 500 000. I testamentet kan sambuarar avgrense eller utvide desse rettane. Sambuarar utan felles born, har inga lovbestemt arverett etter kvarandre. Dei sambuarane som heller ikkje har særkullsborn, står fritt til å testamentere arva etter seg slik dei ynskjer. Sambuarar med særkullsborn, har rett til å testamentere bort arva etter seg, så lenge testamentet ikkje krenkjer borna si pliktdelsarv.

Har ein vore sambuar i 5 år eller meir, kan ein utvida høve til å tilgodesjå lengstlevande sambuar i testament. Etter 5 år kan ein  sikra lengstlevande sambuar rett til ei arv på opptil fire gongar grunnbeløpet, ei arv som også vil gå framføre særkullsbarn sin rett til pliktdelsarv i dei tilfella buet ikkje er stort nok til å dekkja begge deler fullt ut.

Ei anna vanleg misforståing er at for ektepar med felles born, vil borna berre arve pliktdelsarva og lengstlevande ektefelle arve resten. Slik er det ikkje lagt opp etter arvelova. Utgangspunktet er at ektefelle har krav på ei minstearv på fire gongar grunnbeløpet eller 1/4 av formuen. 2/3 av formuen etter arvelataren er pliktdelsarv for livsarvingane, men pliktdelsarva er aldri større enn 15 gongar grunnbeløpet til kvar av borna. Resterande formue, utover pliktdelsarv til borna og minstearv til ektefelle, blir etter lova fordelt likt mellom avdøde sine born eller andre livsarvingar. Ynskjer ein å sikre ektefelle betre enn det lova sine reglar legg opp til, må ein difor skrive testament.

På den andre sida kan det vera ektepar som ikkje ynskjer å arve kvarandre, men heller ynskjer at arva eksempelvis skal gå rett til borna, anten det er til felles born eller særkullsborn. I testament kan avdøde redusere arva til ektefelle, men arva kan ikkje reduserast til mindre enn fire gonger grunnbeløpet utan samtykke frå den som vert avkorta. Ynskjer ein å fråskrive seg arveretten ein har etter lova, kan ein seie noko om dette i eit testament.

Ei anna gruppe som treng testament er ektefellar utan born, som ynskjer å tilgodesjå kvarandre fullt ut. Utgangspunktet for ektefellar utan born etter lova, er at halvparten av arva går til ektefellen, medan den andre halvparten går til avdøde sine foreldre eller deira etterkomarar, om foreldra er gått bort. Med testament har ein moglegheit til å utpeike eigne arvingar i desse tilfella. Dersom ein ynskjer at all arv skal gå til gjenlevande ektefelle, må dette formulerast i testamentet.

Det same gjeld dei som er ugift og utan born. Desse står fritt til å testamentere arva etter seg slik ein ynskjer. Skriv ein ikkje testament, blir arva fordelt til slektsarvingar i tråd med reglane i arvelova.

Sist men ikkje minst, ser ein også ofte at arvelatar ynskjer å stille vilkår for arva. Det kan for eksempel handle om ei familiehytte ein ynskjer skal bli i familien, eller anna arv arvelatar ynskjer skal vere arvingane sitt særeige. Skal særeige gjelda ved arv, må dette uttrykkast skriftleg i eit testament. Det er i tillegg fleire som ynskjer å sette vilkår som at arva skal gå til utdanning eller bustad. Skal desse vilkåra vere gjeldande, må det i så tilfelle med i eit testament.

Kan ein lage testament sjølv eller bør ein få hjelp?

Det er viktig å kjenne seg trygg på at verdiane ein har spart opp gjennom eit heilt liv blir fordelt på den måten ein ynskjer og ser for seg. Å lage eit testament som både står seg rettsleg og legger grunnlag for eit konfliktfritt arveoppgjer, krevjar god oversikt over eigen (og ektefelle/sambuar sin) økonomiske situasjon, men også at ein har god kjennskap til arvelova sine reglar. Inneheld testamentet formuleringar som er i strid med arvelova, vil det bli utfordrande å tolke testamentet og det blir uklart korleis arveoppgjeret skal skje i tråd med testator sine ynskjer. Det kan vera ein fordel å få hjelp av nokon som har kjennskap til innhaldet i arvelova, og som i tillegg kan bidra med forslag til klare formuleringar som ikkje legg opp til tvil i arveoppgjeret.

Testament – gjort ein gong for alle?

Sist men ikkje minst, er det viktig å påpeike at eit testament ikkje er noko som er laga ein gong for alle. På generelt grunnlag kan ein seia at det er spesielt dersom det skjer endringar i formues situasjonen, eller dersom det oppstår behov for å sikra arvingar på ein annan måte enn då testamentet vart utarbeida, at det er fornuftig å ta det opp til vurdering. Det kan også vere fornuftig å sjå over testamentet om ein går inn eller ut av eit parforhold. Testamentet bør tas opp med jamne mellomrom for vurdering av om det er behov for å gjera endringar. Slik legg ein alt til rette for at arveoppgjeret blir som ein ynskjer.

Facebook