Personvern

Kven me er

Nettadressa vår er: https://borgen.no

Infokapslar (cookies)

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å forbedra opplevinga di medan du navigerer gjennom nettstaden. Ut frå disse lagrast informasjonskapslane som er kategorisert som naudsynte i nettlesaren din, då dei er avgjerande for å fungera med grunnleggande funksjoner på nettstaden. Me nyttar også tredjeparts informasjonskapslar som hjelper oss med å analysere og forstå korleis du nyttar nettstaden. Informasjonskapslane vert lagra berre i nettlesaren din med ditt samtykke. Du har høve til å velja bort disse informasjonskapslane.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (td. videoar, bilete, artiklar osfr.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.

Desse nettstadane kan samla data om deg, bruka infokapslar, innehalda tredjepartssporing, og overvaka korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Slik sporing kan til dømes vera å spora korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

PERSONVERNERKLÆRING FOR BORGEN ADVOKATAR AS

Denne personvernerklæringa (“Personvernerklæringa”) gjeld for Borgen Advokatar AS (“vi” eller “oss”). Vi er ansvarlege for handsaming av personopplysningar som gjort greie for i Personvernerklæringa. De finn kontaktinformasjonen vår i punkt 7.

  1. Kven handsamar me personopplysningar om

Personvernerklæringa rettar seg mot behandling av personopplysningar om følgjande personar:

  • Privatkundar
  • Klientar i straffesaker
  • Kontaktpersonar hos verksemdsklientar
  • Kontaktpersonar hos våre leverandørar og samarbeidspartnarar
  • Personar som er involvert i saker vi bistår i
  • Andre personar som er omtalt i saksdokument vi får tilgang til
  • Besøkjande på våre nettsider
  • Føremål, typar personopplysningar og rettsleg grunnlag

Nedanfor følgjer ei oversikt over kva føremål vi handsamar personopplysningar for, kva typar personopplysningar me handsamar og det rettslege grunnlaget for handsaminga.

Etablering av klientforhold:

Når vi vert kontakta med førespurnad om vi kan ta på oss eit oppdrag, føretek vi ein konfliktavklaring internt før vi eventuelt seier ja til oppdraget. Konfliktavklaringa tener eit legitimt føremål og har grunnlag i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging). Konfliktsjekk av privatkundar omfattar som regel fullt namn, kva saka gjeld og, dersom relevant, kredittverdigheit. Generelt sett vil ikkje konfliktssjekk på vegner av verksemdskundar omfatte behandling av personopplysningar.

I samband med etablering av eit klientforhold vil vi utføre ein kundekontroll i samsvar med føresegnene i kvitvaskingslova kap. 2, sjå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-03-06-11#KAPITTEL_2

Kundekontrollen er naudsyn for å oppfylle våre rettslege plikter etter kvitvaskingslova, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Om vi kan ta oppdraget, registrerer vi kontaktinformasjon (namn, adresse, e-post m. v.) Registrering av kontaktopplysningar er for privatkundar naudsynt for å kunne inngå avtale med vedkommande, jf. GDPR artikkel 6 nr. bokstav b. For verksemdskundar bygger registreringa av kontaktopplysningar på ei interesseavveging, jf. GDPR artikkel 6 nr.1 bokstav f.

Sakshandtering:

Nokre advokatoppdrag inneber at vi får tilgang til personopplysningar om partar eller enkeltpersonar som er involvert i ei sak. Slike opplysningar kan gå fram av dokument klienten sender over eller anna korrespondanse i saka. Behandling av personopplysningar i samband med oppdrag for verksemdskundar har heimel i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f. I somme saker får vi også tilgang til sensitive personopplysningar, til dømes helseopplysningar eller straffedommar. I slike tilfelle har behandlinga av opplysningane heimel i GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f, jf. personopplysningslova § 11.

Klientadministrasjon:

Det vert oppretta egne saksmapper for oppdrag utført på vegner av klienten. Tid og kostnader vert registrert i vårt saksbehandlings- og rekneskapssystem. For verksemdskundar er heimelen for slik registrering GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging), medan det for privatkundar vert rekna som naudsynt for å kunne oppfylle avtalen, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

Lagring og oppbevaring av saksdokument:

Vi oppbevarer normalt saksdokument i 10 år etter at oppdraget er avslutta i egna arkiv. (dette gjeld ikkje kopi av legitimasjon i samband med ID-kontroll, som vert destruert etter fem år). Slik lagring vert vurdert som naudsyn både av omsyn til klienten og oss, sidan det i ettertid kan oppstå spørsmål eller tvist der den informasjonen som er lagra på ei sak igjen kan vere aktuell, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f og GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f, jf. personopplysningslova § 11.

Fakturering:

Kontaktopplysningar som er motteke frå verksemdskundar vert brukt til å merke faktura som vert sendt til verksemda. Til privatkundar nyttar vi privat postadresse for utsending av faktura eller e-post dersom klienten samtykker til det. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f for verksemdskundar og GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b for privatkundar.

IT-drift og tryggleik:

Personopplysningar som er lagra i våre IT-system vil kunne vere tilgjengeleg for oss eller våre leverandørar i samband med oppdatering av våre system, implementering eller oppfølging av tryggleikstiltak, feilretting eller anna vedlikehald. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f og GDPR artikkel 32 og 6 nr. 1 bokstav c.

  • Kven deler vi personopplysningar med

Våre leverandørar av IT-tenester vil kunne ha tilgang til personopplysningar dersom personopplysningar er lagra hos leverandøren eller på anna måte er tilgjengeleg for leverandøren i samsvar med kontrakten med oss. Leverandørane opptrer i samsvar med databehandlaravtale og under vår instruks. Leverandøren kan berre nytte personopplysningane for dei føremål vi har bestemt og som gjort greie for i Personvernerklæringa.

Advokatar er underlagt straffesanksjonert teieplikt som følgjer av straffelova § 111.

Vi utleverer ikkje personopplysningar i andre tilfelle eller på andre måtar enn som er gjort greie for i Personvernerklæringa, med mindre klienten uttrykkeleg oppmodar til, gjev samtykke til dette eller utleveringa er lovpålagd.

  • Lagring av personopplysningar

Vi lagrar personopplysningar så lenge det er naudsynt for dei føremål personopplysningane er samla inn for. Om lagring av saksdokument, sjå punkt 2.

Rekneskapslovgjevinga pålegg oss elles å lagre bestemte rekneskapsdokument eit visst tidsrom.  

  • Dine rettar

Trekke samtykke: De kan til ei kvar tid trekke attende samtykke til behandling av personopplysningar hos oss ved å rette ein førespurnad til oss om dette.

Be om innsyn: De har rett til innsyn i kva personopplysningar vi har registrert om Dykk, så langt teieplikta ikkje er til hinder for dette. For å sikre at personopplysningar vert utlevert til rett person, kan vi krevje at krav om innsyn vert utforma skriftleg eller at identitet vert verifisert på anna måte.

Be om retting eller sletting: De kan be oss rette feil opplysningar vi har registrert om Dykk eller be oss om å slette personopplysningar. Vi vil så langt råd er imøtekome ein førespurnad om sletting. Dette gjeld likevel berre så langt det ikkje ligg føre tungvegande grunnar for å ikkje slette personopplysningane, til dømes at vi lagre opplysningane av dokumentasjonsomsyn.

Klage til tilsynsmynde: Dersom De ikkje er samde i måten vi behandlar personopplysningar, kan klage sendast Datatilsynet.

  • Endringar

Vi vil kunne gjere endringar i Personvernerklæringa. Siste versjon skal alltid vera tilgjengeleg på www.borgen.no

Ved vesentlege endringar vil varsle om dette.

  • Kontakt

Dersom De har spørsmål eller kommentarar til Personvernerklæringa eller De vil utøva Dykkar rettar overfor oss, jf. punkt 5, kan De kontakte oss:

Borgen Advokatar AS

Ringvegen 30, 5412 Stord

E-post: firmapost@borgen.no

Telefon 53 45 60 00

-Sist endra: nov.2024