Erstatnings- og forsikringssaker er ofte av stor betydning for dei involverte. Advokatar som er kjent med erstatnings- og forsikringsrett vil vera til god hjelp, og sikra at du får den erstatninga du har krav på.
Me har dyktige og erfarne advokatar som kan hjelpa deg i sakar kring yrkesskade, trafikkskade, pasientskade, skadar som følje av straffbare forhold, og materielle skadar som skade på bil, bustad, eller anna.
I mange sakar vil forsikringsselskapet dekke heile eller delar av utgifta til advokathjelp. Kva som vert dekka av forsikringa er bestemt i forsikringsbeviset og forsikringsvilkåra.